Dette året har eg, saman med omlag hundre andre nye lærarar, delteke på eit kurs for nyutdanna. Ein tanke slo meg då eg gjekk frå etaten i dag, siste dagen i kursrekka.
Når vel hundre lærarar er på kurs frå ni til fire, går det med nokre liter kaffi. Denne kaffien drikk desse hundre lærarane frå pappkrus, og pappkrusa vert kasta i søppebøttene ved dørene. Sjølvsagt. Me kan jo å rydde opp etter oss. Dette fører naturleg nok til sprekkeferdige søppelbøtter på slutten av dagen, og eg klarer ikkje la vere å tenkje på at det er ein dårleg deal for stakkars moder jord.
I mi tid på Ulvestad skule, hende det eit par gongar i året at me inviterte bygdas vaksne og eldre til foreldre-og besteforeldrefest. På desse festane fekk skulen vist fram sine store (og mindre store) talent både gjennom sang, vitselesing, musikk og skodespel før festen vart avslutta med eit matgilde med kaffi og brus. Kaffi er altså ein felleskomponent for generasjonsfestane på Ulvestad, og forsterka lærarutdanningskurset til UDE. Likevel var søppelbøttene på Ulvestad skule aldri på bristepunktet etter ein slik fest. – Kvifor ikkje?, tenkjer du sikkert no. Svaret ligg i innbydingane frå skulen.
Innbydingane, vakkert utforma i Comic Sans, inneheldt nemleg ikkje berre informasjon om tid, stad og program. Neida. Du har kanskje alt gjetta kva som alltid stod nedst på arket, ikkje så langt frå “velkomne skal de vere”? Jepp, der stor desse tre viktige orda: “Ta med kopp.”
Så der troppa dei opp, besteforeldra med sine blomstrete besteforeldrekoppar innepakka i serviettar og gøymde i dei svarte bestemorveskene, eller foreldra med sine matchande kaffikrus som romma mykje god kaffi. Slik kunne søppelbøttene stå der ubrukte, og alle dei vaksne kunne eit par gongar i året få høve til å vise fram dei fine koppane sine til nesten kven dei måtte ynskje. Og kven vil vel ikkje det? Dessutan tippar eg at moder jord var litt meir nøgd med den løysinga, enn med etaten sin måte.
Så eg berre spør: Skal tru om ikkje Utdanningsetaten i Oslo kommune har litt å lære av vesle Ulvestad skule?
